Filed under: Uncategorized
Ja, då er vi igang med tredje veka med “DIGITAL FORMIDLING” og oppgåva for denne veka er å reflektere rundt tankar eg har om internett no og framover. I den forbinding har eg lese to kapittel i boka til Lawrence Lessig som heiter “Code version 2.0″ Denne boka tek for seg internettets utvikling, eller “cyberspace” som det og vert kalla.

Web 2.0 vil seie det stadiet som internett er på i dag som er brukargenerert og er ein plattform der alle kan bidra med sitt. Vi som brukarar tek i bruk nettstaden, til forandring frå før (Web 1.0) då det var einvegskommunikasjon mellom bedrifter og organisasjonar som la ut informasjon på nettet. No er det dags for meir tovegskommunikasjon, sendarar og mottakarar går begge vegar og weben er det nye torget. Og vi held no på å utvikle internettet til Web 3.0, som eg kjem tilbake til snart.
No for tida er omtrent alle meir eller mindre “avhengig” av å bruke internett. Til mange forskjellige formål. Nokon tenar penger via internett, ved å lage heimesider till si eiga bedrift og for å selje produkta sine til folk, nokon reklamerar for produkta sine ved annonsering på nestan kvar einaste nettstad vi tittar innom. Nettaviser er blitt veldig populært, som Dagbladet, VG og Aftenposten etc. Og det som er så annleis med nettavisa i motsednad til papiraviser er at på ei nettavis kan mottakaren, altså vi som les, vi kan kommentere innlegga til avisa og på ein måte “svare” til avisa med våre meiningar og det som vi tenkjer om den og den saken. Det vert symbiotisk. Når vi kommenterar innlegg, legg avisa til linken til oss og vi legg til linken til avisa. Altså vert massemedia meir som tovegskommunikasjon istaden for einvegskommunikasjon som det var før, då nettavisene ikkje var kommen enda. Den nærmaste kontakten med avisa du fekk da, var å skrive eit lesarinlegg. No vert lesarane trekt til kvarandre, ved at dei nettopp kan kommentere avisa sine innlegg, og starte debattar med kvarandre derifrå. Om dette vert brukt på feil måte, og folk ikkje held seg seriøse, men skriv stygge innlegg til kvarandre, kven er det da som har ansvaret for alt som vert posta? Det hadde blitt ein STOR jobb om ein skulle sotte å sensurert og regulert alt som vi som lesarar og mottakarar kommenterar på dei forskjellige nettstadene.
Det som eg trur er mest populært og som vert brukt mest er dei sosiale nettstadene. Som Facebook, Twitter, forskjellige chatterom og ikkje minst blogging som er i skotet no for tida. Omtrent halvparten av det norske folk brukar ein slag form for sosiale mediar og mange brukar nok veldig mykje tid på dette. Her kan vi holde kontakten med fjærn og nær, vi får innblikk i kvarandres liv, utan å måtte ta kontakt med dei. Dette veit eg ikkje om er positivt eller negativt, men eg følar at akkurat desse sosiale nettstadane kjem til å utvikle seg. Om vi sluttar å bruke Facebook, har det nok komt noko anna som er langt “betre” som vi heller byrjar å bruke.
Også har vi jo alle dei forskjellige søkemotorane som Google, Nummeropplysninga 1881, Kvasir, Sol, Wikipedia etc. Om det er noko vi lurar på, kva som helst, så kan vi berre skrive eit ord som er i samanhengen av den informasjonen vi leitar etter, og vips! så er det komt opp fleire tusen forslag til det me er ute etter. Og på Wikipedia kan vi tilogmed lage ei ny side og fylle den ut med informasjon sjølv hvis vi følarfor det. Og er det nokon som ringer oss på mobilen og vi ikkje har nummeret, kan vi berre søkje opp nummeret på 1881, og så får vi svar på kven det er som har ringt med ein gong. Dette er jo GENIALT! På ein måte. Men kva skjer med privatlivet vårt, når alle i heile verda kan få tak i oss? Og dei kan finne informasjon om kor gamle vi er og kvar vi bur? Då har vi jo mista litt av kontrollen og privatlivet som vi hadde før. Dette er litt skummelt synes eg, og det kjem nødvendigvis ikkje til å bli betre framover. Vi vert på ein måte tilgjengelege 24 timar i døgeret, sjølv om det ikkje er alle i verda som ynskjer dette.
Dette med tilgjengelegheit, privatliv og kontroll er også nokon av emna Lawrence Lessig tek opp i det han skriv i boka si:
“When we see the path that cyberspace is on now—an evolution
I describe below in Part I—we see that much of the “liberty” present at
cyberspace’s founding will be removed in its future.Values originally considered
fundamental will not survive. On the path we have chosen, we will
remake what cyberspace was. Some of that remaking will make many of us
happy. But some of that remaking, I argue, we should all regret.”
Her er ein film du kan sjå der Lawrence Lessig gjer sitt syn på at det trengs forandring i informasjonsrommet, problemar med “copyright”-lova og andre problem som er relatert til internettet: Lawrence Lessig – A Public Talk on Internet Governance
Eg tenkjer på at no er internett på Web 2.0 stadiet, medan det held på å utvikle seg til Web 3.0 stadiet som er ein vidareutvikling av Web 2.0. Web 3.0 vert kalla “publiseringsplattformen” og er eit verktøy for å systematisera informasjon. Det vert så smått brukt av nokon og vert også kalla eit “nerde-verktøy” og “den semantiske weben“. Det går ut på at konteksten og samanhengen i det du søkjer, tolkast av systemet. Systemet forstår dataene du gjer utav samanhengen som dei står i. Altså at maskinane skal forstå og tolke informasjonen vi gjer, meir sim eit menneske gjer. Kanskje kjem vi til å angre på korleis vi kjem til å “forme” internettet i framtida, kanskje ikkje.
Men har vi verkeleg kontroll?
aurorara:)
Filed under: Uncategorized
Då er vi i gang med 2. veka i dette semesteret og det er tid for å skrive vårt 2. blogginnlegg. No har vi fått i oppgåve å finne ein blogg som vi likar, gjerne ein vi har følgt med på ei stund, og vi skal begrunne kvifor denne bloggen er ein god blogg ut ifrå det vi har lært i forelesninga og gjennom pensum. Sidan eg er ny i “bloggverda” har eg aldri hatt nokon fast blogg som eg har følgt med på, så eg har funne meg ein blogg eg likar iblant dei forslaga som forelesaren vår har lagt ut til oss på fronter.
Eg snøggleste meg gjennom dei fleste bloggsidene forelesaren har lagt ut, og eg fant ut etterkvart at den bloggen eg likte best, er bloggen til Audun Lysbakken.
Audun Lysbakken er nestleiar i Sosialistisk Venstreparti og bloggar om måla som partiet hans sloss for, og store og små spørsmål som han vil seie si meining om. Han vil ôg få respons frå andre, og deira synspunkt rundt sakar han skriv om. Eg synes at det han skriv om er relevant og interessant. Det er sjølvsagt politisk retta, men han skriv i ein personleg stil som gjer at eg følar at eg vert litt kjend med han som person også, istaden for å berre få vite kva han meinar om forskjellige ting.
Det som tiltrekk meg med ein gong eg kjem inn på bloggen hans er bileta og titlane han har på innlegga sine. Han har fine store bilete og fengande titlar som gjer at nysgjerrigheita mi vert pirra til å lese det han har skrive i innlegget sitt. Han skriv om aktuelle sakar og nyhende, som gjer meining å lese, nettopp fordi eg finn innhaldet interessant. Det er det tydeleg at andre også gjer, når eg ser at det er mange som kommenterar innlegga hans. Han kjem rakst til poenget i byrjinga av innlegga sine, noko som ôg får lesarane til å ville vite meir om kva han skriv om, og han forankrar ytringane sine med lenkjer som leiar til andre kjelder som til forskellige nettaviser og andre nettstadar.
Andre ting som eg legg merke til når eg les igjennom innlegga hans er språket hans. Han brukar eit ganske enkelt språk, noko som gjer at det han skriv er lett å lese for dei unge i samfunnet som også er politisk engasjert. Eg har merka på mange andre bloggar eg har lese at det er så mange vanskeleg ord med i teksten, ofte samanhengande, og dette gjer at eg dett utav konteksten og får ikkje med meg innhaldet og bodskapet som eigentleg skulle fram. Dessutan er ikkje alle innlegga hans så veldig lange, noko som eg ôg synes er bra, sidan lange innlegg kan fort verte kjeisame.
Audun Lysbakkens blogg får fram meiningar og synspunkt på ein kort og grei måte, og eg synes den er ein god blogg. Eg kjem nok til å byrje å stikke innom denne bloggen i ny og ne.
aurorara:)
Filed under: Uncategorized
Då er eg igang med mitt 2. semester ved UIA. Nytt år og nye fag. Som dette faget “DIGITAL FORMIDLING” der vi skal lage vår eigen blogg, som vi skal fylle ut med opppgåver vi får av faglærar igjennom våren. Eg har aldri ”blogga” før, så eg håpar at det blir spennande.
Vår fyrste oppgåve: “Kva ynskjer eg å få ut av dette kurset og korleis skal eg nå det målet?” Dette spørsmålet synes eg det er vanskeleg å svare på. Eg trur moment som eg trekk til meg og synes er viktige innanfor dette faget, kjem til å dukke opp ettekvart som vi byrjar å blogge og ha undervisning. Men nokre av måla mine er at eg vil ihvertfall lera meg å blogga, og bli kjend med med bloggverktøyet “WordPress” som vi brukar. Og eg vil lære meir om internett, korleis bruken av det forandrar seg heile tida, kvifor så mange av oss følar trong til å legge seg personleg ut på nettet og ikkje minst kva som skal til for å skilje seg ut på internett, eller i “bloggverda”. Kva er det som får andre til å ville lese bloggen din og følge med på den? Det er eit spørsmål som eg håpar å finne litt ut av og som eg synes er veldig interresant.
Så ved å følge med på andre sine bloggar og gjere oppgåvene eg får så bra som eg klarar, og vera tilstades på forelesningar og gruppearbeid, håpar eg å nå måla mine (og andre mål som dukk opp undervegs). Og som student vil eg sjølvsagt også prøve å nå måla som står i studenthandboka:
“Etter endt emne skal studentene
- ha innsikt i prinsippene for kommunikasjon og formidling i digitale nettverksmedier.
- kunne beskrive, vurdere og sammenlikne ulike nettbaserte tekstsjangre.
- kunne gjennomføre nettbaserte formidlingsprosjekter ved bruk av aktuell programvare.”
Eg ser fram til å komme inn i dette med blogging, og eg trur eg kjem til å få mykje ut av dette faget ved å skrive mine eigne innlegg, lesa og kommentera andre sine innlegg og eg håpar at dette vert lærerikt og interessant. Eg er også spent på Temaprosjektet vi skal ha seinare i semesteret.
aurorara
Filed under: Uncategorized
Denne bloggen er opretta i samband med eit fag vi har i Kommunikasjon Bachelor-programmet vårt som heiter “Digital formidling”. Denne veka skal vi skrive eit innlegg om kva vi ynskjer å oppnå med dette faget, og korleis vi har tenkt å gjere det. Så det så:)
Filed under: Uncategorized
Godt nyttår til alle. Her er min første blogg i heile verden. Så spennande.
